Postby Sansko » 2019-10-11, 12:58
Hm, jeg lurer på om noen dialekter fremdeles har utvidet kjønnsbøyning av tallord (altså ikke bare ''en, ei, ett'', men óg to, tre, osv).. Mener å ha lest at ei skikkelig gammeldags dialekt utenfor Kristiansand hadde det...[/quote]
Hei, eg er «kanskje litt sein», men ja. Setesdals hever t.d. slik kjønnsbøyging tom 4. Det same hava både hallingdalsk og valdresmål, men for meir må eg sjekka heima. Norrønt havde berre slik kynsbøyging tom 4,men hallingmål skiljer faktisk fem, i hannkyn+hokyn og inkjekyn. Landsmål og høgnorsk skilja dessa: ein—ei—eit, tvo/tvei—tvæ—tvau, tri—trjå—trju/try, fjore—fjora—fjogo/fjøgor. Berre å spyrja um du lurer meir på detta eller annat (t.d. fleirtalsbøygjer eg verb her). Og kva gjeld sidefall/dativ so les eg meg upp på det no, prøver å finna ut kva preposisjonar som styra kva kasus (til og millom styrte tradisjonelt genitiv/eigefall).